Haustmøte 2011
Fredag 25.11.2011 hadde NCF Sogn og Fjordane haustmøte på Fretheim hotell i Flåm. Grunna litt lavare påmelding enn vi kanskje hadde håpa på, vart programmet litt kortare enn planlagt, men dei som var med hadde ein fin kveld på Fretheim.
Vi fekk sjå video frå jubileumet på Elverum familieleir, og det var nok fleire som såg at dette kunne vere kjekt å få med seg.
Dr.med. Knut Lundin hadde teke turen til Flåm i styggeveret og, so vi fekk eit interessant foredrag og anledning til å stille mykje spørsmål. Lundin kunne tenkt seg ein tur på hjortejakt mens han likevel var på Vestlandet, men det fekk vi nok ikkje ordna med. Han måtte nøye seg med ei flott bok om hjortejakt i staden, som vart overrekt av leiar Mariann Reppen Alme.
Medan Lundin holdt foredrag for dei vaksne, fekk ungane gå opp i Sivlebiblioteket på Fretheim og lese bøker. Dei leika gøymsel og, i alle krinkelkrokane på loftet og hadde det storleg kjekt!
Etter foredraget fekk vi ein spennande 3-rettarsmiddag i restauranten. Gulrot og ingefærsuppe til forrett, appelsinglasert svinefilet med fløytegratinerte poteter og raudvinssaus til middag og marsipanparfait til dessert. Alt sjølvsagt glutenfritt, og veldig godt!
Vi avslutta kvelden som vanleg med loddsalg og trekning, med eit premiebord som omfatta både tur med danskebåt, syltetøy og bøker. Det vart visst gevinstar på alle som var der :D
Ein fin kveld i godt selskap, alltid kjekt å treffe andre og utveksle erfaringar. Laget er og særs nøgde med at Knut Lundin tok turen "over fjellet", fint å få litt god informasjon om det vi lurer på.
